Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Miksmaster
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Foto:
Nordfjord Folkemuseum
Om objektet
- Betegnelse:
-
Miksmaster (Betegnelse)
-
Elektrisk miksmaster (Presisert betegnelse)
- Historikk:
-
Brukar kjøpte Ulvefaldene (bruksstad) (g/bnr 118/369) i Vågsøy i 1908.
Han bygde eit kraftverk i Ulvefaldene i 1912(?) og bygde og dreiv første elektrisitetsverket i Måløy 1920 (motordrive) til 1914. Kjøpte fallrettane og bygde kraftverk i Ulvefaldane ved Raudeberg i 1912, men Ålfoten interkommunale kraftselskap tok over marknaden og kraftstasjonen var difor berre nytta til privat bruk. Kraftstasjonen er verna som kulturminne. Bruker dreiv der mellom anna produksjon av varmeomnar og andre elektriske artiklar i mellomkrigstida. Han hadde også steinknuseri, betongvarefabrikk, ein liten trevarefabrikk, slipp og mekanisk verkstad i Ulvefaldane. I 1917 knuseverk i Ulvefaldene, murstein til turnhallen og golva på Skram skule. Patent på hermetikkopnar. Køyreskule i 1926. Oppmålingssjef i SørVågsøy kommune.
Måløy fekk elektrisk lys i 1911 frå eit motordrive kraftverk som brukar bygde. Kraftverket produserte 143 Kw. I 1914 tok kommunen over og bygde kraftverket ut som vasskraftverk med Skramsvatnet som magasin. Måløy var på denne tida i sterk vekst, og m.a. var det planar om å nytte den energikjelda til drift av elektrisk trikk frå Sæternes til Gotteberg.
Det kommunale kraftverket i Måløy var kombinert med vassverk. Skramsvatnet var hovudvasskjelda, men for å sikre nok vatn i tørkesomrar, vart det gravd ein kanal som førte vatn frå Vetevatnet mellom Veten og Brurahornet.
I 1912 starta brukar Drages elektrotekniske skule som han dreiv i 7 år, med ulike avbrot. Fram til 1917 dreiv han skulen i Måløy. På grunn av brann vart skulen flytt til Ulvefaldene i 1917. I plan for Ingeniør Drages elektrotekniske skule går det fram at elevane, lærarane, husholderske og pike budde i 2.etg. Elevane vart oppmoda om å ta med råvarar som skulekjøkenet tok i mot til "dagens pris". Skulepengar inkluderte losji og mat: kr. 25 i månaden.
-
Aksesjon:
2005
-
Bruk (Var i bruk i 2.etg. i driftsbygningen. Her var ein leilighet som familien Drage budde i. ):
Bruker, antatt: Drage, Per Mathias
Brukssted, sikker: Norge, Vågsøy, Ulvefaldene, gnr/bnr : 0119/369
-
Produksjon:
1950 - 1960 (Truleg)
Produsent: Adax
- Beskrivelse:
-
Miksmastar i fem delar: Stativ, bolle, maskin med leidning, to vispar. Stativet er av stål, her kan bollen stå oppå og maskinen stå ned i ei råme med vispane ned i bollen. Bollen er i rustfritt stål. Maskinen er tung, handtak øvst, knapp med fire trinn også øvst. Uttak til vispar under. Vispar samansett av to ovalar med stålband.
- Innskrift:
-
Stempel/sign (På maskinen): ADAX FABRIKER-SVELVIK-NORWAY, ADAX, type h3, No 94169, 230 V, 130 w, 50 c/s
-
Innskrift (Under bollen): Made in Sweden steinless steel 18/8
- Identifikasjonsnr.:
-
NFM.2005-00006
- Eier:
-
Nordfjord Folkemuseum
Om museet
- Museum:
- Nordfjord Folkemuseum
- Museets nettsted:
- www.nordfjord.museum.no

- Museet arbeider kontinuerleg med digitalisering av materialet for å få lagt samlingane ut på internett. Vi tar atterhald om feil og manglar, og tar gjerne imot tilbakemeldingar som kan gje oss ny kunnskap om registreringane våre.
