• Foto av gården Skomedal, (Nordgarden g.nr.34 b.nr. 1), Bygland, Setesdal, Aust-Agder.
    Photo: Ukjent / Norsk Folkemuseum

Foto av gården Skomedal, (Nordgarden g.nr.34 b.nr. 1), Bygland, Setesdal, Aust-Agder.

1 comment

  • Hei.

    Vedr. biletet av garden 'Nordgarden' (gr. 34; bnr.1), Skomedal:

    Fjøset, stallen og låven som står i Setesdalstunet er frå garden Bjørkevollen (gnr. 34;bnr. 8) og ikkje frå bnr. 1. Alle bileta av demonteringa er av bnr. 8. Eg er noverande eigar av bnr. 8. Bygningane som no står på folkemuseet vart demonterte sumaren 1941. Folkemuseet kjøpte dei av bestefaren min. Broren hans - Nere Skomedal - var gartnar på Folkemuseet ('Gamlegartneren') nesten heile sitt liv. Han visste at det skulle byggjast nytt på Bjørkevollen og museet kjøpte tydelegvis dei gamle bygningane og stod sjølv for demonteringa.

    Eg har gitt beskjed om dette for lenge sidan, men ser stadig at biletet av bnr. 1 dukkar opp i denne samanhengen. Og det er kanskje ikkje så rart - bnr. 1 er alltid den største og finaste garden i bygda og ofte mykje større enn dei gardane som kjem til seinare. Slik også her: Nordgarden er om lag dobbel å stor som dei andre gardane på Skomedal. Legg også merke til at løa på bnr. 1 er dobbel så høg som den som står på Folkemuseet. Alle dei andre gardane hadde slik løe og stall og fjøs som bnr. 8.. Dei er alle borte no slik at bygningane på Folkemuseet er dei siste frå Skomedal.

    Vh Tor Skomedal.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to