• Ei titimarsklokke eller desimalklokke er ein av mange ulike måtar å måle og kategorisere tida på. Ulike felt som språk, historie, fysikk, teknologi, filosofi og religion påverkar korleis tida blir målt og oppfatta. Korleis ein oppfattar tida, heng saman med dei verdsbilda som finst til kvar ei tid. Hovudelementet i prosjektet er eit klokketårn i atriet til bygget. Klokka har eit urverk som går etter desimalsystemet i staden for det som seinare er blitt den konvensjonelle måten å måle tid på: 24-timarssystemet. Urskiva viser eit heilt døgn som er delt inn i ti timar; kvar time er delt inn i 100 minutt, og kvart minutt er delt inn i 100 sekund. Klokka er designa av kunstnaren og produsert i samarbeid med den britiske klokkeprodusenten Smith of Derby, båtbyggar Djupevåg i Norheimsund og klokkemakar Johannes Lavoll i Bergen. Den har fire urverk og fire urskiver i ei klokkekasse kledd med treverk og koparplate på toppen.
    Photo: Ukjent / Kunst i offentlige rom

Historisk Tid [Skulptur]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to