Gullik Kamrud syntest det var ille at ei så fin bygd som Vestre Ulnes ikkje skulle ha eigen kræmar, så han starta krambu i Rugnushagen i Vestre Ulnes. Etter 35 år, overtok sonen ha ...
Gullik Kamrud syntest det var ille at ei så fin bygd som Vestre Ulnes ikkje skulle ha eigen kræmar, så han starta krambu i Rugnushagen i Vestre Ulnes. Etter 35 år, overtok sonen hans, Ivar G. Kamrud handelen og bygde ny forretningsgard nede ved fjorden. Han fekk kjøpt tomt av Steinde. Den nye handelsstaden vart kalla Sandvik landhandleri. Ivar døydde berre eit år etter, og kona Marit held fram med handelen.
Seinere overtok dottera Inga Kristine og hennar mann Eivind Neste, Vestre Slidre, handelen på Sandvik. Namnet vart endra til Sandvik Handel.
I 1980 overto to unge jenter butikken, og dei dreiv i 3 år. Det var Åse Sævrøy (Underdal) og Bettina Walser (Brandsdal).
Bilete nummer 2 syner Bettina bak varebilen om stadig var på farten med varer til heimane på vestsida i Ulnes.
På bilete 4 sit Åse ved det som den gongen var ei ganske moderne kasse, og på krakken ved sida av disken var det mange som syntest det var godt å sita og gjedne få veta nytt i bygden.
Gunnar Andersen, frå Vestringsbygden, overtok etter Åse og Bettina, og drifta vart avvikla når Andersen gav seg, etter nokre år.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».