History
-
Området med Jevnaker stasjon i forgrunnen heter Nybygget, videre ses lokalet Glassheim og lenger oppover mot åsen Hauger gård.
Postkort sendt til Helga Poulsson, Montevideo Minnesota, USA.
Poststemplet Olum 15.12.1958
Fotografering: 1956 - 1958 (Antatt)
- FotografK. Harstad Kunstforlag (1929)
- History
Eitt av dei tidlegare store postkortforlaga her i landet var K. Harstad kunstforlag. Firmaet hadde si stordomstid frå kring 1935 og fram til då svart-kvitt-postkort måtte vike plassen for fargekort i 1960-åra. I tillegg til å gje ut eigne kort, produserte K. Harstad også postkort for andre kortforlag.
Karl Harstad var ein av pionerane når det galdt flyfotografering her i landet. I 1929 kjøpte konsortiet Fotofly, der K. Harstad, P.O. Moldenhauer og Chr. Hellesen var med, flyet N. 39 i Tyskland. Firmaet skulle drive passasjerflyging og fotografering. Med dette flyet vart dei fleste byane langs kysten fotograferte i 1929. Postkorta vart først utgjevne i namnet til Fotofly, men dei seinare opplaga ber namnet til K. Harstad.
Etter krigen, i 1946, kjøpte Harstad eit nytt fly, PAN. Med dette reiste han over heile landet og tok foto av byar og tettstader. Ein stor del av desse fotoa er utgjevne som postkort. Attåt til dels hasardiøse flyturar (med flystyrt på Fannaråki) brukte han også motorsykkel (over Besseggen), bil og motorbåt for å kome rundt vårt vidstrakte land for å finne gode postkortmotiv.
Postkortfabrikk
Den første tida vart postkorta kopierte enkeltvis for hand. Men etter kort tid gjorde Harstad seg nytte av sine store tekniske kunnskapar. Han konstruerte sin eigen fotorotasjon i 1925. Her vart postkorta kopierte over på fotopapir på rull. Fotopapiret gjekk så vidare gjennom framkallartank, fikseringstank, skyljetankar og ein tørkeprosess før det enkelte postkortet vart stansa ut frå papirrullen. Deretter vart dei lagde over i ei trykkmaskin for påtrykking av baksida. I tillegg til å lage eigne kort, produserte Harstad også postkort for Normann, Abel, Kuhnholt og Oppi i tillegg til mange mindre lokale kortutgjevarar.
Karl Harstad (1890 - 1976)
Karl Harstad var fødd i Modum i 1890. Etter teknisk skule deltok han i oppmåling av Hardangervidda og fekk der interesse for landskapsfotografering. Han starta først si eiga forretning på Landfalløya, Drammen, men flytta etter nokre år til Oslo der han tok til med fabrikk for rammer og fotografisk arbeid. Og det var spesielt postkortdelen som voks seg stor. I ein 50-års omtale av Karl Harstad skreiv Aftenposten: "Hans fabrikk er nu den største i landet i branchen."
Oslo-tida vart innleia med butikk og verkstad i Karl den XII gate 27. Der opna han 25. august 1925. Harstad flytta så rammeverkstaden til Grensen 8, der han overtok E. Gabrielsens rammeverksted 1. oktober 1928. Det vart ny flytting av verkstad og butikk til Grensen 13 den 28. februar 1933. I tidsromet 1.oktober 1931 til 1. mai 1936 dreiv han også butikk i Bygdøy allé 66. Han leigde også lokale i Karl Johans gate 45 frå 9. april 1931 til 9. mars 1932 der han dreiv med morskapsfotografering for J.L. Tiedemanns tobaksfabrik. Slik fotografering vart også drive på messer, tivoli m.m. Denne fotograferinga gjekk ut på at personar kunne stikke hovudet ut på tillaga plassar på store plakatar for tobakksreklame.
I 1936 overtok K. Harstad også Sigurd Grans kortforlag.
På det største hadde firmaet 15 tilsette og hadde lokale både i 2. og 5. etasje i Grensen 13. Postkortproduksjonen var i 2. etasje, medan 5. etasje vart brukt til fargelaboratorium, oppliming av store forstørringar og montering av slides (turistartiklar).
Då trykte fargekort gjorde sitt inntog, greidde ikkje firmaet omstillinga. Det vart mindre med aktiv fotografering og produksjon av postkort. Då VG intervjua Karl Harstad i 1975, var han framleis i full vigør - kanskje landets eldste fotograf som var i aktivitet. Som ei oppsummering av den livslange jobben som fotograf og postkortprodusent seier Harstad i intervjuet: " – Jeg tenkte at når jeg begynner for meg sjæl, blir jeg millionær. Millionær ble jeg – på antall arbeidstimer. Det var mye slit."
Året etter, i 1976, døydde Karl Harstad.
Då underskrivne tok over arkivet m.m. i 1981, utgjorde rammeverkstaden største aktiviteten.
Av Johan Ottesen Kilde: http://www.flyfotoarkivet.no/artiklar.ph
- adresse,Oslo (fylke) Oslo Oslo
- ProfessionPostkortforlag
- Alternative namesHarstad Kunstforlag
- NationalityNorge
- DigitaltMuseumSearch in «K. Harstad Kunstforlag»
- History
Aksesjon: 1985
Classification
License information
- License CC CC0 1.0
Metadata
- IdentifierHF1985/44:3
- Part of collectionHF - Kulturhistorisk samling
- Owner of collectionRandsfjordmuseet/ Hadeland Folkemuseum
- InstitutionHadeland Folkemuseum
- Date publishedApril 13, 2021
- Date updatedSeptember 15, 2023
- DIMU-CODE021019696812
- UUID441bdf4e-8c57-4708-a5f0-f8d852113223
- Tags
1 comment
Geir Aspheim, October 11, 2021
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».