History
-
Ei ferje er ein flatbotna, klinkbygd båt med tverr bak- og framstamn.
I Nordhordland har ferjene for det meste vore brukt i elvar og vatn, til frakt og fiske. I ytre strok av Nordhordland, og sume stader i indre strok, vert ordet «pram» eller «eke» brukt i staden for ferje. Ferjene var ofte so lettbygde, at dei kunne berast til fjells og mellom vatn.
Ferja blei bygd av Johannes Kvinge (1884-1922) og var ei bryllupsgåve til svigersonen Kasper Birkeland (1877-1958) og dottera Brita Birkeland (fødd Kvinge) (1884 -1965) då dei gifta seg 3. september 1909. Ferja vart bygd og brukt på Nord kvingo, Masfjorden.
Kasper Birkeland var lærar på Nordkvingo samstundes som han var lærar på Hope, som var ei nabogrend over Mjangersvågen. På den tida gjekk ikkje elevane på skule kvar dag og difor kunne Kasper Birkeland skula på begge stader. Han gjekk gjennom utmark og skog til Elvikastøna, der ferja låg og rodde derifrå, over vågen til Hope. I tillegg til at ferja vart brukt til skuleskyss for læraren, blei ho og brukt til å frakta varer heimatt frå handelsmannen, til persontransport før vegane kom, samt fiske til eige bruk.
Produksjon: 1909
Bruk
- Brukssted, sikkerMasfjorden Nordkvingo
Eierskap
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHOM08435a
- Alternative nameTK 2007/113 - Tilvekstnummer
- Part of collectionHordamuseet
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHordamuseet
- Date publishedJanuary 28, 2023
- Date updatedNovember 26, 2023
- DIMU-CODE0210213228762
- UUID51770abe-7fdd-4917-b4b8-ac3bd429d21a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».