History
-
Ei kort historie om føringsbåten frå Mostraumen: I 1941 starta Andreas Solbakk og søner ”Tjeldstø slip- og reparasjonsverft”. Dei første åra gjekk med til opplæring, ombygging og reparasjonar av eksisterande båtar. Denne føringsbåten har byggenummer 1, og vart bygd i 1946/47. Oppdragsgjevar var gardbrukar J. Farestveit i Mostraum i Osterfjorden. Farkosten hadde ikkje noko namn, men vart kalla ”Storabåten” eller ”Kyrabåten”, fordi han i hovudsak vart nytta til å føra kyr og kalvar til og frå sommarbeite over ei fjordbukt. Båten kunne ta to vaksne kyr på ein tur, og dei stod i kvar sin retning i lasterommet. Grimene deira vart surra fast i tofte eller tverrgåande stokk framme og bak. På kvar side la ein langsgåande stokkar inntil dyra slik at dei ikkje skulle gå ut i sidene. Opphavleg var båten utstyrt med fire keipar og to par årer, og han vart rodd av 2–3 personar. Omkring 1970 byrja brukarane å nytta motoriserte småbåtar til å slepa ”Storabåten” med.
I 1974 vart det utført ei større vøla på farkosten, mellom anna utskifting av bord utvendig og plank i lasterommet. Sidan garden heile tida har vore utan vegsamband, vart båten også brukt til å frakta ved, materialar, høy, sand og singel. Han var i bruk til midten av 1980-åra. ”Storabåten” hadde eige naust med slipp og vart i hovudsak sett inn etter kvart bruk. Etter at gardsdrifta vart avslutta i 1989, har han stått under tak. Sommaren 2003 fekk Kystmuseet overta båten.
Produksjon: 1946 - 1947
- ProdusentTjeldstø slip- og reparasjonsverftsikker
Bruk: 1947 - 1980
- Brukssted, sikkerNorge Hordaland Modalen Osterfjorden Mostraumensikker
Eierskap: 1947 - 2003
Relation
-
Object/Work – Components12 related objects
- ThingTilje (ØM.04301-1)
- ThingTilje (ØM.04301-2)
- ThingTilje (ØM.04301-3)
- ThingTilje (ØM.04301-4)
- ThingTilje (ØM.04301-5)
- ThingTilje (ØM.04301-6)
- ThingTofte (ØM.04301-7)
- ThingTofte (ØM.04301-8)
- ThingTollepinne (ØM.04301-9)
- ThingTollepinne (ØM.04301-10)
- ThingTollepinne (ØM.04301-11)
- ThingTollepinne (ØM.04301-12)
Classification
References
-
- LitteraturreferansePeter Helland-Hansen, "Strandebarmaren: småbåtbygging i Hardanger", s. 341.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierØM.04301
- Part of collectionKystmuseet i Øygarden
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKystmuseet i Øygarden
- Date publishedJuly 18, 2023
- Date updatedJuly 18, 2023
- DIMU-CODE0210213604574
- UUIDf4daaa79-d936-424e-9bb5-c652de8775bf
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».