History
-
Odda Arbeiderforening skaffa truleg denne fana i 1909. Dei var då organisert som avdeling 196 av Norsk Arbeidsmannsforbund.
Odda Arbeiderforening var stifta den 11. november 1906. På side 13 i 75-årsberetningen, kan vi lesa at "Medlemsvervinga gikk trass i alt så godt at foreninga alt ved nyttårstider 1907 kunne reise kampfana." Om dette er bokstavleg meint, er ikkje klart.Vi har funne dokumenterte utgifter i kassajournalen i fagforeningsarkivet: 1. mai 1911: En fanesele kr 3,50. 22. september 1911: kr 30,- Innsatt i Norges Kooperative Sparekasse for Fane- og byggekomité. Den 30. april 1912: Lån til ny fane kr 50,- og den 19. september 1912: Cyanamid for Fanekas(s)e Udgift kr 9,10.
Fana blei overmalt i 1925 i følgje Odda Arbeiderforening sin møteprotokoll for 27. mars same år. Dei måla på ny dato: «Stiftet 1. januar 1924». Dei gjekk då over i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund som hadde same stiftingsdato.Motivet på fana er prega av at foreininga var ein kamporganisasjon der medlemene utførte fysisk arbeid; vi ser ein mann, dels overmalt, som held ei slegge. Vi ser òg ei gruppe ev tre menn og ei kvinne som held stenger med vimplar i hendene. På vimplane står dei sentrale orda FRIHED, LIGHED, BRODERSKAP.
Svaret på kvinneskikkelsen finn vi i denne symbolikken. Fridom, likskap og broderskap kjenner vi frå den franske revolusjonen (1789-1799). Etter revolusjonen var «Marianne» ein kvinnefigur som symboliserte den franske republikken. Ho blei framstilt i kunsten som ei ung bondejente eller jente av folket, og symboliserte fridom for alle som blei uttrykt med orda Liberté, égalité, fraternité (Fridom, likskap, brorskap). Som bondejente bar Marianne òg ei «frygisk lue», også den eit kjent symbol på fridom. (Den frygiske lua har klar samanheng til bruken av topplue / nisselue som symbol.)
Mannen med slegga kan ha vore malt over i perioden rundt 1918 då den russiske revolusjonen påverka ideala. Men dette har vi ikkje kjelder på.Kvinna på fana til Odda arbeiderforening har ikkje lue. Ho har heller ikkje bringklut trur eg, meir ein fargerik kjole under jakka. Men ho kan sjå ut som ei bondejente, - ei ung, sterk kvinne frå folket. Dette passar fint inn: Dei fagorganiserte i Odda var godt internasjonalt og nasjonalt orienterte.
Odda Arbeiderforening si fane blei overmalt i 1925 kan vi lesa ut frå Odda Arbeiderforening sin møteprotokoll for 27. mars. Dei måla på ny dato: «Stiftet 1. januar 1924». Dei gjekk då over i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og fekk ny stiftingsdato. At dei blei stifta på nytt er forståeleg sidan foreininga hadde vore lite aktiv, nær sagt borte i dei fire åra Oddafabrikkane sto etter konkursen.Denne kvinnefiguren er annleis enn andre kvinner ein finn på faner frå same perioden. Odda Arbeiderforening gjorde eit spesielt vedtak hausten 1915. Det lydde slik: «Medlemmenes hustruer skal ha adgang til foreningens møter.» Vedtaket skal vera eineståande i norsk fagforeiningshistorie i følge teksten i 75-årsberetningen frå 1981.
Produksjon: 1909 (antatt)
References
-
- LitteraturreferanseWikipedia om Marianneskikkelsen
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05851
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedSeptember 29, 2023
- Date updatedFebruary 13, 2024
- DIMU-CODE0210213929331
- UUIDd41d2df8-7d23-4783-9420-2dfebb4d922a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».