History
-
Johan O. Petersen var frå Bergen, men hadde tilknyting til nordre Askøy gjennom stemora Nilsine som kom frå Skansen. Johan reiste til sjøs då han var 17, men arbeidde på land då krigen kom. Den 5. oktober 1941 ”låntok”han saman 7 andre kutteren ”Midtøy” som tilhøyrde Ole Midtøy. Også broren Reidar var med på turen. Dei sette kursen mot Shetland, men på grunn av eit unøyaktig kompass kom dei nord for øygruppa. Etter kvart skjøna dei at det bar galt av stad og la om kursen. Undervegs slapp dei opp for både proviant og olje, men fekk til slutt vestkysten av Shetland i sikte. Dei hadde då brukt 4 døger på ein overfart som normalt skulle ta ca. 30 timar. Frå Shetland bar det vidare til London der dei først måtte klarerast av etterretningsfolk før dei kunne verva seg. Johan blei innrullert i marinen, medan broren Reidar gjekk inn i hæren. For Johan gjekk turen til marinen sin skyttarskule i Dumbarton ved Glasgow. Han var ferdig med rekruttopplæringa like før jul og den 28. desember1941 reiste han til Bristol for å mønstra på Tønsbergbåten ”Maud”.
Resten av krigen seglde Johan som kanonskyttar på norske handelsskip. Han var heldig og unngjekk torpedering på sine til saman 22 turar over Atlanteren. Kor tilfeldig det var kven som blei råka og kven som slapp klar, fekk han erfart på ein seinare tur med ”Maud”. Etter å ha kryssa Atlanteren mønstra han av i New York medan ”Maud” returnerte til Europa. Undervegs blei skipet torpedert og alle kameratane hans kom bort. Om bord i ”S/S Erica” blei han i januar 1945 vitne til det såkalla ”Ardennarslaget”. Då skipet kom inn til Antwerpen den 7. januar var kampane framleis i gang og bomber og rakettar slo nedpå alle kantar. I etterkant uttalte Johan at det var eit reint under at dei kom heilskinna frå denne turen.
28. februar 1945 gjekk han om bord i ”Bergensfjord” som gjekk med allierte tropper i Middelhavet og Svartehavet. Etter den tyske kapitulasjonen stod han framleis om bord i Bergensfjord som no gjekk mellom Storbritannia og Noreg. Først den 15. august kunne han skriva i notisboka si: ”Johan ferdig. Krigen slutt!!!”. Begge brørne til Johan var også ute under krigen. Aksel (f. 1909) var sjømann og seglde som maskinsjef i handelsmarinen. Han blei torpedert utafor den amerikanske austkysten, men overlevde. Reidar (f. 1917) verva seg i hæren. Han var involvert i kampane om Svalbard og pådrog seg då skadar som han skulle slita med resten av livet.
Etter krigen arbeidde Johan som sjåfør i engrossfirmaet G. H. Grung, sidan blei det sement- og skiferindustri og deretter laste- og lossearbeid på hamna. I 1973 blei Johan uføretrygda. Den direkte bakgrunnen var ein skade han pådrog seg då han redda ein annan mann frå å falla nedi rommet på eit skip. Johan var sterkt prega av krigsopplevingane sine, men ville nødig snakka om det han hadde opplevd. Etter at han vart uføretrygda fekk han stadig større vanskar med å halda dei vonde minna på avstand og familien fekk små glimt inni det han hadde vore gjennom.
Johan Petersen døydde i 1991 I 2007 overlét sonen Hjalmar ei samling med foto, dokument og gjenstandar til Herdla museum. Samlinga, som er knytt til Johan sin krigsinnsats, ligg til grunn for denne presentasjonen.
Eierskap -
Classification
-
- Metallhåndverk (Outline)OU 326
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHER.00273
- Part of collectionHerdla Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHerdla Museum
- Date publishedDecember 15, 2023
- Date updatedDecember 15, 2023
- DIMU-CODE0210214109489
- UUID78a9bea7-1cf8-4b18-a59a-26b80ba0e097
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».