History
-
Bestefar av gjevar kaupte flaska på auksjon etter Olav og Tarjei Trovatten på Mogen i Øyfjell på slutten av 1920-talet.
Geheimrath Dettweilers sputumflaske «Blauer Heinrich“
Peter Dettweiler (1837-1904) var ein pionér i behandlinga av tuberkulose på 1800-talet. I 1876 blei han leiar av det legendariske hospitalet for lungesjuke «Lungenheilanstalt Falkenstein» i dei tyske Taunus-fjella. Tuberkulose-behandlinga hans omfatta m.a. ein militærliknande disiplin kombinert med kontrollert inntak av konjakk, vin og champagne!
«Blå Heinrich» var kallenamnet på Dr. Dettweiler sin viktigaste oppfinning, spytteflaska ”Geheimrath Dr. Dettweilers Taschenflasche für Hustende» (Geheimråd Dr. Dettweilers lommeflaske for folk med hoste). Dei tuberkulosesjuke skulle spytte i flaska i staden for på golvet eller i eit lommetørkle for å hindre smitte. På innsida av den store opninga er det ein trakt som hindrar spyttet (sputum) i å flyte ut att. Opninga i botnen gjer det mogleg å skylje og desinfisere flaska på ein enkel måte. Den mørkeblå fargen gjorde det mogleg å vurdere kor full flaska var ved å lyse gjennom ho, medan uvedkommande ikkje kunne sjå innhaldet.
Spytteflaska blei presentert for offentlegheita i 1889, berre nokre år etter at tuberkel-bakterien var blitt oppdaga. Ho blei produsert av firmaet Noelle&Co i den tyske byen Lüdenscheid og kosta 1,50 Mark. Flaska i Øyfjellsamlinga er nok ein litt nyare modell, kanskje frå tidleg 1900-tal.
(For litteraturinteresserte: spytteflaska «Blauer Heinrich» blei kjend i heile Europa etter at forfattaren Thomas Mann skildra ho i sin berømte roman «Trolldomsfjellet» frå 1924.)
Kjelde: https://de.wikipedia.org/wiki/Peter_Dettweiler_(Mediziner)
Eierskap
Bruk
- BruksstedNorge Telemark Tokke Vest-Telemark Høydalsmosikker
Produksjon: 1900 - 1930
Classification
License information
Metadata
- IdentifierØYB.3432
- Part of collectionØyfjell bygdetun
- Owner of collectionØyfjell Bygdetun
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedFebruary 27, 2024
- Date updatedMarch 15, 2024
- DIMU-CODE0210214276220
- UUID3456440f-d61e-49bc-8e52-f312d61397ba
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».