History
-
Henrik Rytter skreiv sjølv dikt og skodespel, men vart kanskje mest kjend for å ha omsatt verkene til fleire av dei store diktarane i verdslitteraturen – m.a. Shakespeare og Dante – til nynorsk.
Frå 1920 var Rytter aktiv som poet, skodespelforfattar, omsetjar, teaterkonsulent og samfunnsdebattant. Det første diktverket var “lagnadsspelet” Dømde frå 1907, og i dette som i dei neste skodespela er det sine eigne eksistensielle problem han tek opp til drøfting. Det siste, Prestegarden og øya frå 1939, vart spelt også under krigen og vart godt motteke.
På oppmoding frå Hans Jacob Nielsen, som ville avromantisere Ibsens skodespel Peer Gynt, omsette Rytter det til nynorsk. Rytters tekst er folkeleg og realistisk, og med Harald Sæveruds musikk vart Peer Gynt ei viktig teaterhending også internasjonalt. Rytter sette også om Den guddomlege komedien, der han gjenskapte Dantes eige versemål, med kjønnsbøyingar. Den omsetjinga vart seinare fullført og forenkla av Sigmund Skard.Rytter omsette eit utal dikt frå mange språk. I nokre år hadde han ein fast programpost i NRK der han las sine eigne omsetjingar. Han gjorde også fleire omsetjingar til bokmål, dei fleste anonymt. Den mest kjende er Decameronen, som vert rekna som eit språkleg meisterverk og er blitt utgitt fleire gonger.
1919–28 gav Rytter ut seks diktsamlingar, der naturskildringar, minne frå barndom og tankar om lange ætte-liner er hovudtema – alle knytt til eksistensielle problemstillingar. Rytters dikt viser hans særs vide internasjonale orientering og hans tilknyting til den store europeiske humanismetradisjon. Goethe, Shakespeare, Shelley og Byron var hans store ideal, ved sida av Wergeland, som han skreiv innsiktsfullt om ved fleire høve. Han sette òg stor pris på Robert Burns, og enkelte dikt, særleg i Vokune, kan minne om han.Informasjon henta frå Store Norske Leksikon. Sjå peikar til heile artikkelen lenger nede i posten
Classification
References
-
- LitteraturreferansePeikar til artikkel om Henrik Rytter i Store Norske Leksikon
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierIAAM-3025
- Part of collectionIvar Aasen-tunet
- Owner of collectionNynorsk kultursentrum
- InstitutionNynorsk kultursentrum
- Date publishedApril 3, 2024
- Date updatedApril 5, 2024
- DIMU-CODE0210214379524
- UUIDd54c7d01-a943-474b-b92f-3bfef90875c3
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».