• Brotherus arbeider med fotografi som er sett i scene. Ho blir rekna som ein representant for den såkalla «Helsinkiskulen», eit miljø for fotografi som voks fram midt på 1990-talet. Dei tidlege verka hennar er forankra i dokumentartradisjonen og består gjerne av sjølvportrett, men dei siste åra har ho vendt merksemda mot menneskekroppen og naturen. Bildet "Another Home" er henta frå serien "Artist and her Model", og fotografen er sjølv modell i bildet, som viser eit velkjent kunsthistorisk motiv: kvinne vend mot vindauget. Eit gulaktig lys strøymer ut frå rommet og blir forsterka og understreka av ei slyngplante dekt av fiolette blomar. Bildet kan vekke assosiasjonar til 1900-talsmålarane sin fascinasjon for den lyse nordiske sommarnatta.
    Photo: Brotherus, Elina / Kunst i offentlige rom

Another home [Fotografi]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to