• Herad kyrkje vart innvigt i 1934, etter at ein i Heradgrenda hadde venta fleire år på eiga kyrkje. Allereie på slutten av 1800-talet vart kyrkjebygging diskutert, og i 1907 vart det oppnemnt ein byggekomité. Men det var fyrst i 1932 at byggearbeidet kom i gong.

Kyrkja er bygd av tre og har trekk både frå basilikaforma, som er karakterisert ved opphøgd midtrom, og frå stavkyrkjene med tak over tak. Midtskipet i kyrkja er høgt og med lægre sideskip, og koret i aust er lægre og smalare enn skipet. I vest er det eit stort tårn, som er bygd inn i kyrkjeskipet. Takflatene er tekka med skifer.

Fargane i interiøret er frå 1953, og går hovudsakleg i brunt og grønbrunt. Inventarets hovudfarge er blågrått, som går igjen på preikestol, benkar, og den åttekanta kalkforma døypefonten. Altertavla er måla av H. Brusletto frå Geilo, og viser Jesus i Getsemane. Orgelet i kyrkja kom frå Gol kyrkje i 1950, men vart bygd i Kongsberg i 1889.

Kjelder:
Christie, Håkon og Sigrid: Norges kirker, Buskerud I, Oslo 1981
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Herad kyrkje, Gol

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to