Part of exhibition
History
-
Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Andris Vang-støga. Lærarbustad frå husmannsplassen Lund, gnr. 32, bnr. 9/12, i Vang. Bygd i 1831, oppsett på Valdres Folkemuseum i 1950.
Andris Eivindsson (1795–1877) var omgangsskulelærar, kyrkjesongar og kjøkemeister. Før han gifta seg i 1832, hadde han bygd dette huset på husmannsplassen Lund under Vang prestegard. Han tok då namnet Vang. Han har sjølv laga det meste av inventaret. Stoverommet er innreidd på tradisjonelt vis med peis, matskåp, bord og slagbenk. I kleven er det dobbeltseng, eit lite skatoll og to armstolar. Vang var den fyrste i Noreg til å gje ut segner og folkeminne på dialekt. Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdres kom ut i 1850. Eit par år før hadde han skrive livssoga si, Kort Udsikt over en Skolelærers Levnetsløb. I 1870 kom denne i bokform saman med Bryllupsskikke og Kjøgemestervers frå Valdres. Det var Andris Vang sitt ry som songkjelde som førde til at domorganist Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) reiste til Valdres på si fyrste samlarferd i 1848. Han skreiv ned 144 folketonar etter Vang. Av desse er 86 salmar frå Kingos Graduale (koralbok)."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Andris Vang-støga (Vang-støga) er ei gåve til Valdres Folkemuseum frå kjøpmann og kontormann Mass Sletten frå Nerre Dale i Øye i Vang, no busett i Oslo. Soga åt stoga er slik: Omgangsskulelærar Andris Eivindsson Vang bygde stoga i 1831 på husmannsplassen sin, øvre og nørre Lund i Vangs sokn. Lund var plass til Vang prestegard. Fyrst kjem ein inn i ein liten gang med steinlagt golv. Så ber det inn i stoga. Frå denne går det ei dør inn i klevin, der Vang-folki låg. Frå gangen går det ei trapp opp i loftet, som var opplagsrom for mat og klede. Ei tid etter at Vang var død, truleg i 1880-åri, vart Vang-støga seld til Lars Larsson Grøv som var gift med Ingebjørg Kattevøl. Han flytte stoga opp på Øydgarden i Øvre Dale. Då Lars døydde, gifte enkja seg oppatt med Torleiv Tangen i Nerre Dalen. Då Torleiv døydde, kjøpte Berit Sletten stoga og budde i henne i mange år til ho flytte til Lo. I 1945 gav sonen Mass Sletten V.F. stoga. Byggmeister Erik Andersen reiv ho og tømra ho oppatt på museumshaugen.
Slik stod ho uferdig til 1950. Då sette myggmeister Einar Bråten ho i full stand. (...)"
Frå Hallvard Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001):
" (...) Andris Eivindson Vang (1735-1877) var ein av dei mange omgangsskulelærarane i Valdres. Han var skulemeister i 33 år, heile tida i heimbygda si. Læraryrket var ikkje nok til å brøfø ein huslyd. Andris Vang forpakta difor delar av ein tidlegare husmannsplass, Lund, under prestegarden i Vang. Det var huslaust her, og han bygde frå fyrst i 1830-åra opp eit heilt gardstun. Andris Vang-støga på museet er bustadhuset, bygd i 1831. I 1865 hadde familien eit dyrehald på 1 hest, 4 kyr og 4 sauer. På åkerarealet vart det sådd ut 1/2 tynne bygg og sett 1 tynne poteter dette året. Ved sida av lærararbeidet dreiv A.E.Vang ei storstilt innsamling av folkeminne. Han gav òg ut nokre bøker om emnet, m.a. den fyrste på dialekt. A.E. Vang var òg ei rik kjelde for folkemusikksamlaren Ludvig M. Lindeman. Ei ny skulelov i 1827 slo fast at omgangsskuleordninga skulle halde fram, men at det i tillegg skulle skipast faste skular ved hovudkyrkjene."
Frå Olav Gullik Bø "Arvegull. Andris Vang og livsverket hans" (1995):
"Huset Andris sette opp på Lundplassen i 1831, skilde seg sikkert ikkje mykje ut frå andre husmannsstover i øvre Valdres. Men for dei to som budde der aleine i sytten år, var ho truleg romsleg nok med sine 20 m2 fordelt på to rom og med ein liten hellelagt gang. Då den eittårige fostersonen kom i huset, hadde alt av innbu forlengst funne plassen sin - det meste laga av Andris sjølv. (...) Truleg hadde huset himling heilt frå det var nytt. Dette tok dei til med fyrst på 18-hundretalet, og var nok eit framsteg frå det opne raustet. Attåt å vera opplagsrom året rundt kunne det vesle rommet under skråtaket brukast til liggeplass, iallfall sommarstid. Himlinga gjorde det også lettare å halde på varmen om vinteren. I dag står Andris Vang-støga trygt og vakkert tufta på Valdres Folkemuseum - med Høyneskulen som næraste granne. Men før ho kom dit, hadde ho vore på flyttefot innan Vang fleire gonger. Etter at Andres døydde, flytte Jørand nord til Berge der fostersonen no budde, og huset kom på sal. Det vart fyrst sett opp på Øydgarde i Øvre Dale. Den nye eigaren var husmann under Grøv og heitte Lars Larsson. Han og kona Ingebjørg Nilsdotter Kattevøl budde der til ho vart enkje (1892). Ingebjørg gifta seg seinare med Torleiv Johannesson, som reiv stova og sett ho opp at på Tanga (bildet), ein husmannsplass under Kjærstein. Då Torleiv sa frå seg plassen, kjøpte Berit Madsdotter Sletten stova og budde der til ho vart flytt til Lo av Steinde (gnr. 19/8), der Berit og mannen Ola Knutsson Pålsrud (V.S.) slo seg ned. Sonen Mass Sletten (f. 1889) gav så stova til Valdres Folkemuseum i 1945. Då hadde ho vore tufta fire stader i Vang. Året etter vart ho riven og flytt til museet, og i 1950 var ho komen på laft - om enn halvferdig. (...) Over utgangsdøra hadde Jørand og Andris Vang ei vakker hustavle. Den vart laga opp att og heng på same plassen. Ho hadde denne teksten: Stat her mit hus i Fred og ro, For hvert minunheds øie. Jeg ved at den misunte jord, den lar sig ogsaa pløie. Her æder jeg mit brød, her Frygter jeg min gud, hjelp o Jesu söd, näär jeg gäär ind o ud."
Folketelling 1865:
Vang gnr 32.1 løpenr 24 a1 / 054 Lund
Lund, husmannsplass under prestegarden
Anders E. Wang / husfar / fødested Nord-Aurdal / Husmann med jord Pensionist afgaaet Skollelærer / gift / 71 år
Jørand Evensdatter / hans kone / gift / 79 år
Ingebrigt Andreasdatter / deres Fostersøn / ugift / 19 år
Jordbruksinformasjon:
1 hest, 4 storfe, 7 får
Utsæd: 1/2 tønne bygg, 1 tønne potet
ENGLISH:
The Andris Vang house: Teacher’s house from the cotter’s farm Lund in Vang. Built in 1813 and reconstructed at the museum in 1950. Andris Eivindson (1795–1877) was an ambulatory school teacher, church singer and toastmaster. Before he got married in 1832, he built this house on the cotter’s farm Lund in Vang parish, and added Vang to his last name. He made most of the furniture himself. The living room is furnished in the traditional manner with a fireplace, food cupboard, table and bench that turns into a bed. In the side room, there is a double bed, a small writing desk and two armchairs. Vang was the first in Norway to publish legends and folktales in dialect. A couple of years earlier, he had written his biography. It was Andris Vang’s reputation as a collector of folk songs which led the music collector Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) to travel to Valdres on his first collection trip in 1848. He wrote down 144 folk songs when visiting Vang. 86 of these are hymns from Kingos Graduale (chorale).
FRANÇAIS:
La maison de Andris Vang: Logement de professeur provenant de la ferme de tenancier de Lund, à Vang. Construite en 1831 et reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1950. Andris Eivindsson (1795–1877) était professeur de l’école itinerante, chanteur d’église et animateur des réunions. Avant de se marier en 1832, il a construit cette maison dans la ferme de tenancier de Lund, dépendant du presbytère de Vang. Il a alors pris le nom Vang. Il a fait la plupart du mobilier lui-même. La salle de séjour est aménagée de manière traditionnelle avec cheminée, garde-manger, table et lit-banquette. Dans la petite pièce à côté, il y a un double lit, un petit secrétaire et deux fauteuils. Vang était, en 1850, le premier en Norvège à publier des légendes et histoires populaires écrites en dialecte régionale. Il était une source important des chansons traditionnelles et sa renommé a inspiré l’organiste Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887), un personnage important dans le travail de rassembler la musique traditionnelle au 19ème siècle, en 1848, à faire son premier voyage pour rassembler des mélodies traditionnelles à Valdres. Lindeman a noté 144 airs populaires d’après Vang.
Oppføring: 1831
Riving: 1945
Gjenoppføring: 1950
Aksesjon
- Giver/siste eierMass Sletten
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseBø, Olav Gullik (red.): Arvegull. Andris Vang og livsverket hans
- LitteraturreferanseHallvard Hvattum: Valdres Folkemuseum 1901-2001
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.009
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 26, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056019976
- UUID32a96f39-51ef-4718-b822-8f8a538af09a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».