History
-
Dette er ei tre-romsstogu, men bygningen har fått to høgder. Bygginga har skjedd i to etappar. Fyrste høgda kan vere 1600-tal, medan den øvre delen truleg er frå slutten av 1700-talet (byrjinga av 1800). Andre høgda har ikkje blitt innreidd, men det er spor etter senger der.
Innreiinga nede er tradisjonell med pist, skive og framskåp (matskåp). Skiva er dekorert, og Kristen Vålund har fått namnet sitt på skåpet. Tidlegare eigar sat i skuld og måtte selje garden. K.V. kjøpte han nå att frå D.v. Cappelen. Dette var i 1806. Han døde i 1872.
Oppunder taket ei mjølkehylle til å setje bort trog med mjølk på. Der flaut fløyten opp, og til å skumme fløyten med blei det bruka ein rennekniv (som også ligg i rommet). Elles er det kiste med karveskurd og rokk. Rokken har skrått bryst. Dette var typisk for modellar frå ca. 1800 (+ breie felgar og lite hjul). Saman med rokken høyrer også ullkorga. I kleven står ei gammal seng og grind (hylle) til å setje bort trekoppar i.
Over inngangsdøra er det spor etter ein opning. Dette skal ha vore ein drumbegang, ein overbygd gang, ei bru, til ein annan bygning, truleg eit loft. På denne måten kunne ein gå mellom stogo og loft utan å gå utandørs. Lengda på desse gangane har vore ulik. Enkelte drumber skal ha vore så lange at det har vore nødvendig med stolpar under. Tradisjonen vil ha det til at slilke gangar blei nytta under ufred, ein måte å stikke av frå fiendane på. Drumbegangen skal også vere nytta når nokon skulle ut i loftet og hente noko.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierRT BYGG 009
- Part of collectionTinn Museum
- Owner of collectionTinn kommune
- InstitutionNorsk Industriarbeidermuseum
- Date publishedMarch 10, 2018
- Date updatedDecember 3, 2019
- DIMU-CODE021057677507
- UUIDcfd79941-7f4e-4b8d-9b7d-cec106ad2108
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».