History
-
GEITHUSBUI
Denne sengebua kjem fra Geithus ved Arnafjord i Vik kommune og vart bygd i 1596. Årstalet er skore inn over døra, i lag med nokre strekar som truleg tyder at bua var ferdig 1. juli dette året. Bua er lafta i ein etasje, med sval langs tre av veggene og dør i båe gavlane. Svala langs kortveggen vart kalla «loppesvóli», kanskje fordi dei lufta og rista sengekleda her.
Slike sengebuer var vanlege mange stader i Sogn, og her var det plass til mange oernattingsgjester. Langs kvar langvegg er det tre veggfaste på rad. På kvar side av døra til loppesvóli er ein stige med uthogne trinn som fører opp på bualemmen, der det også er sengeplassar. Med folk i alle senger ei sein gjestebodsnatt kunne det sikkert vera litt av ei stemning her! Brystveggen oppe på lemmen er det eit glasmåleri som truleg er minst like gammalt som sjølve sengebua - og dermed kan vera blant dei eldste i landet. Det er 45 x 45 cm, har blyglasramme og viser ein ryttar med ein lyfta luntelåspistol i handa.
På inste døra og eine sengestolpen er det måla tjørekrossar og ringkrossar til vern om dei som sov her. På golvet står vakkert dekorerte kister og ferdaskrin, der dei kunne lagra stasklede og anna utstyr.
Produksjon: 1596 (Innskore over døra)
Classification
-
- Boliger (Outline)OU 342
- Boliger (Outline)OU 342
- Omgang og gjestfrihet (Outline)OU 574
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.530
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedMarch 13, 2020
- Date updatedNovember 18, 2022
- DIMU-CODE021058547439
- UUID63aadc16-abc6-4913-931e-2b93d2f87d69
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».