main article image

Brev frå postvegen gjennom Nordhordland (1)

Dette er eit klassisk offentleg brev frå tidleg 1800-tal. Det er adressert til herr Major Brügger, Torsvik pr Lindaas. Torsvik ligg no i Masfjorden kommune. Brevet har gått med postførar på Den Trondhjemske Postvej – frå Bergen, gjennom Åsane til Lindås og over Fensfjorden til poststaden Eide i Gulen. Der er brevet henta av Major Brügger, eller ein av dei han hadde i teneste.

Nede i venstre hjørne kan me lesa at brevet er sendt som kongeleg teneste frå kommandør Friess. Slike offentleg brev var fritekne for å betala porto. Me kan også sjå at brevet er forsegla, og at seglet har monogrammet til kong Fredrik VI. Brevet er inni dagsett Bergen 2. juli 1812.

Påteikninga ST føre namnet til Brügger tyder «salvo titulo» som i følgje ordboka står for «utelating av tittel». Og det er jo ikkje korrekt i dette tilfellet. Forklaringa er at ST etter kvart utvikla seg til eit prefiks som signaliserte vørdnad eller respekt. Me finn ST på eit stort tal brev frå 1800-talet.

Krig i Europa

La oss sjå litt nærare på personane her. Mottakar er Major Christian Brügger (1769 – 1825). Avsendar er Søecomandeur Fredrich Julianus Friess (1759 – 1826). Kva hadde så desse militære herremennene med kvarandre å gjera? Det var urolige tider i Europa på byrjinga av 1800-talet. I 1803 gjekk Frankrike og Napoleon Bonaparte til krig mot Storbritannia. Konflikten nådde også det nøytrale Danmark-Noreg med Storbritannias an- grep på København i august 1807.

Kystvernet

Vinteren 1807 – 1808 vart det difor etablert kystvern langs Vest- landskysten. I Bergen stift hadde stiftamtmann Johan Randulf Bull og kommandørkaptein von Friess ansvaret for organiseringa. Stiftamtmannen hadde i brev til von Friess av 26. januar 1808 gjeve detaljerte instruksar om korleis kystvernet skulle setjast opp både når det gjaldt inndeling i divisjonar, kven som skulle ha ansvar for divisjonane, underseksjonar og lokal leiing. I tillegg fekk von Friess informasjon om kva for vetar som skulle nyttast for å kalla saman kystvernet når fienden var observert.

Bergen stiftamt omfatta på denne tida Søndre og Nordre Bergenhus amt samt Sunnmøre fogderi. Dette området som strakk seg frå Ryvarden i sør til Romsdalsfjorden i nord vart delt inn i 9 kystverndivisjonar. Den største divisjonen hadde ansvaret for kysten frå Korsfjor- den til Hjeltefjorden og vart leia av tollbetjent August Mohr i Bergen. Mohr kunne stilla med om lag 2.400 mann fordelt på 5 seksjonar.

Major Brøgger på Torsvik i Masfjorden hadde leiinga av den divisjonen som dekka kysten frå Fensfjorden til Stavenes i Askvoll, og dei kunne stilla rundt 620 mann. Totalt kunne Bergen kystverndistrikt mønstra omkring 11.500 mann. Så kan ein spørja seg kva denne styrken eigentleg var verd. Det var knapt med våpen – i røynda var fleirtalet av soldatane oppsette med spyd, ljå eller annan farleg reiskap.

I brevet til Brøgger skriv Friess: «Anlediget af indkommen Forespörgsel om Bestemmelse af Tiden Kystsignaler eller Allarm Observationer Tager for Kystværnet at skulle begynde, og i hvert Aar opföre, vil jeg ikke undlade fölgende at communisere ........... , at de efter ethvert Steds lokale Omstendigheder, i det man beror paa formeldte Bestemmelse, nyaktens for den hensigtssvarende Nyttes Opnaaelse naar Signalerne bör oprættes, men da det og paa ethvert Sted bedst kan observeres fra det foregaaende Sted hvorledes Fiendens Station paa Kysten for det meste har været, og sammes heldigste Ophold, hvor efter igjen kunne bestemmes Signalerne at opföre, saa overlades det til de herrer Divisions Chefers egen bestemmelse deri efter Pligt og Ansvar til Hensigtens Opnaaelse at handle.»

Ikkje så lett å verta klok på kan hende. Dei skreiv lange og innvikla setningar i 1812. Men kystvernet hadde altså ansvar for vetar som skulle nyttast for å varsla om fienden var i sikte. Og Friess var altså av den oppfatning at det måtte vera opp til den enkelte divisjonssjef og hans lokalkunnskap å avgjera lokaliseringa av vetane.

Share to