N Nordfjord Folkemuseum About Collection Feed News → Musea i Sogn og Fjordane Artikler Skjålykta - med lys gjennom dyrehinne Gåva frå russiske Mitja til norske Maria Utstillinger MuseumsTING Mapper 15 Fritid gjennom 100 år By Nordfjord Folkemuseum Jubileumsutstilling 2020 By Nordfjord Folkemuseum Kakejarn frå Nordfjord. Vaffeljarn kan vi finne rundt om i dei ganske heimar. I Noreg har vi vaffeljarn frå heilt tilbake til 1600-talet. I byrjinga var jarna rektangulære, men forma endra seg fort til hjarteforma vi kjenner så godt i dag. Hjartet er eit av dei eldste symbola vi har. Hjartet har vore eit symbol for kjærleik i alle fall frå middelalderen og truleg også lenger tilbake i tid. Vi veit at vaflar av finare slag vart brukt som mat i bryllaup. Kanskje er det difor hjartet vart forma på vaffelkaka? Til jul kjem også andre kakejarn fram. Krumkaker og gorokaker er noko mange lagar til jul. By Nordfjord Folkemuseum Evangeliske Hierte-speyl: Folkefavoritten. Ordet postill kjem i frå det latinske uttrykket Legenda post illa verba evangelii. “Å lese desse orda i evangeliet”. Hovudinnhaldet var evangelietekstane for alle søndagar og heilagdagar gjennom kyrkjeåret med tilhøyrande forklaringar. Den var å finne i dei fleste heimar, til bruk under husandaktene. Det var heller ikkje uvanleg at prestar nytta huspostillen under preikene sine i den første tida etter reformasjonen. Tidleg i Nordfjord Folkemuseum si historie vart det samla inn ei stor mengd gamle bøker. Innsamlinga er først og fremst i frå Indre Nordfjord . Blant desse bøkene er ein stor part huspostillar. Enkelte huspostillar er det langt fleire eksemplar av enn andre. Boka det utan samanlikning er flest av er Henrich Müllers Evangeliske Hierte-Speyl; folkefavoritten. Henrich Müller skreiv i ein ortodoks tradisjon. Det er verdt å merke seg at ein ortodoks huspostill fekk så stor utbreiing blant ein allmuge som levde etter pietismens fromme levereglar. Dette kan vere eit døme på korleis ulike kyrkjehistoriske tradisjonar verka tilsynelatande konfliktlaust i allmugens religiøse praksis. By Nordfjord Folkemuseum Skilligstrykk for den leselystne!. I mange heimar kan vi framleis finne gamle staslege bøker som har vore i familiens eige i over 100 år. Desse bøkene er ofte store skinninnbundne biblar eller forseggjorte salmebøker. Dette er bøker som i si tid var dyre. Ei investering å rekne. Men om ein ikkje hadde pengar til å kjøpe seg ein flott skinninnbunden bibel eller huspostill, fanst det alternativ. Dei fleste boktrykkarar gav ut små trykk ein kunne kjøpe for ein billig penge. Trykk som vart publisert i hundrevis, lest, sunge og seinare gløymt. På 1800-tallet gjekk desse trykka under fleire namn; Skillingstrykk, skillingsvise, gateviser eller pamflett er nokre nemningar. I dette høvet vil vi nytte skillingstrykk. Trass i at skillingstrykka berre består av nokre ark i papir, har Nordfjord Folkemuseum opp til fleire. Klikk deg gjennom gamle viser og forteljingar! By Nordfjord Folkemuseum