History
-
R.13281 Trerøring, Nør-Årset
Den 01.10.1992 var Lyder Hesthol og Bjørn Austigard på befaring på Årset for å sjå på to trerøringar, den eine på Ytter-Årset, gnr. 126/1 og den andre på Nør-Årset gnr. 126/2. Det var skipper Kåre Sølsnes (f. 16.03.1918) som tipsa Romsdalsmuseet om båten på Ytter-Årset, men då vi kom på befaringa, oppdaga vi ein gammal trerøring i naustet på nabogarden også. Brått var det to gamle trerøringar frå Årset. Båtane vart henta av Terje Thingvold, Leif Rune Gussiås, Geir Myrbø, Terje Storås og Bjørn Austigard den 06.11.1992.
Informantar:
Olav Aarset, Ytter-Årset, f. 1935
Ivar Aarset, Nør-Årset, f. 1942
Knut Reitan, Reitan, f. 1908
Ole K. Malo f. 1904, far til Magnar
Magnar Malo, Malo, f. 1931
Arnold Solemdal: Bygdebok for Nesjestranda, Molde 1995
Båten vart truleg bygd for gardbrukar Peder Iversen Aarset 1844-1926. Han var ein aktiv gardbrukar og skogbrukar, og han hadde sterke slektsband til Håskora (Horsgård). Gardane hadde sagbruk saman der. Peder Aarset var ein flink seglar, og Knut Reitan på nabogarden fortalde meg den 15.12.1992 at han som 8 – 9-åring var med «Pe Aarset» til Molde med varer i «håbollen» (tidsrommet mellom våronn og slåttonn). På heimvegen fekk dei stampesjø, og Knut fekk sjøverk.
Båten vart mykje brukt til å slepe tømmer frå Årset til saga inni Håskora. «Ro flote» som dei sa – sjølv om dei også brukte segl. Båten ber derfor preg av bruk over lang tid. Ivar Aarset f. 1942 kan ikkje minnast at garden hadde færing. Trerøringen vart derfor brukt til fjordfiske, frakting av korn til Herje mølle, ved til Molde mm. Det blir sagt at «naustdørene alltid stod opne» på Nør-Årset-naustet.
Kyrkjebåt. Olav Aarset på Ytter-Årset fortalde om ein minnerik tur til pinsestemne på Veøya i trerøringen frå Nør-Årset. Det var eit år kring 1950, tre familiar i same båten og båteigaren Peder I. Aarset (1910-1992) var «bas». Dei andre familiane var frå Ytter-Årset og Reitan, og alle var i slekt. Til saman var dei minst 10 personar om bord. Også Ivar Aarset (f. 1942) minnest denne turen.
Dei segla og rodde mykje tømmerflote med Ivar sin båt, mintest Knut Reitan. Tømmeret som vart hogd på Årset, vart køyrt med hest ned til sjøen. Det vart lagt i flote og rodd eller segla nordover til saga. Båten ber derfor preg av slitasje.
Kven var båtbyggaren?
Det er ingen som veit kven som bygde båten, men det kan vere fleire. Magnar Malo opplyser at på Malo bygde Bottolv Olsen Malo (f. 11.05.1838) mange båtar. Han var husmannsson, snekkar og båtbyggar. Foreldra var Ole Ingebrigtsen og Beret Bottolvsdtr. Malo (1802-78. Solemdal s. 1176) frå Nøre Gribbestad. I folketeljinga for 1865 er han «Snekker» på Malo og i 1875 budde han på Flovikholm som innerst, snekkar. Han kjøpte seg gard på Monsås, Torvikeidet, i 1876. Dersom det er han som bygde båten, er han truleg bygd før 1876, men det er fleire ting som talar mot det.
Ola Madsen Malo, (halvbror til Bottolv) f. 08.02.1841 er meir aktuell (Solemdal s. 859). Han var son til Mads Madsen Malo og Beret Bottolvsdtr. Han var gardbrukar og båtbyggar på Malo gnr. 124/1 til han døydde 1897. Han hadde skog og skar tømmer. På Hengneset, gnr. 125/1 hadde dei sirkelsag i 1888, opplyste Ole K. Malo i 1980. I folketeljinga for 1865 er Ole Madsen Malo kalla «Båtsbygger».
Etter at Årset-båtane var henta i 1992, kontakta eg Knut Reitan (1908-2002) om han visste kven som hadde bygd båtane. Han sa at det kunne vere han «Sigerset-Ola». Han hadde med Malo-slekt å gjere, men han presiserte at han visste ikkje. Han la til at båe båtane har ‘nordmørspreg’, men han trudde helst at dei var laga lokalt. Om «Sigerset-Ola» er same mannen som Ola Madsen Malo, visste han ikkje. Båtane er lettrodde, sa han.
Eg trur helst at det er Ola Madsen Malo (f. 1841-1897) som har bygd båten ein gong kring 1890. Det vil eg begrunne med at trerøringane frå Ytter-Årset (som er omtala under R.17043) og Nør-Årset er temmeleg like, og at båten frå Ytter-Årset har bord som er skorne med sirkelsag, og frå andre kjelder veit vi at første sirkelsaga i nærområdet kom på Hengneset i 1888. Dette høver godt med det Olav Aarset sa då vi henta båten: Rundt 100 år gammal.
Båten kan sjølvsagt vere bygd av andre, t.d. Peder Sivertsen Grønnes (1815-1908) eller Knut Andersen Åsen (f.1861) i Eidsvågen, men eg synest det er unaturleg at dei bestilte båtar så langt borte så lenge det fanst habile båtbyggarar i bygda.
04.03.2023 Bjørn Austigard
Eigarrekka:
Første eigar: Peder Iversen Aarset 1844-1926
Iver P. Aarset 1873-1935
Peder I. Aarset1910-1992
Givar: Ivar Aarset f. 1942
Produksjon: 1888 - 1897
- ProdusentMalo, Ola Madsenantatt
- Production placeNorge Møre og Romsdal Molde Nesjestranda Maloantatt
Aksesjon: 1992 - 1992
Bruk
- BruksstedNorge Møre og Romsdal Molde Nesjestranda Årset Nør-Årset gnr/bnr 126/2sikker
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierR.13281. A-Q
- Part of collectionRomsdalmuseet
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionRomsdalsmuseet
- Date publishedMarch 31, 2023
- Date updatedMarch 31, 2023
- DIMU-CODE0210213348497
- UUIDa564b26b-8b81-464f-bd65-beef88093d39
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».