History
-
Trerøring, Fagervik/Nerheim
Terje Thingvold og Øyvind Vestad henta båten i naustet til Massgarden på Kyrkje-Sylte, gnr. 13/3 i august 2015. Båten vart først bydd fram til Sunnmøre museum, som takka nei til ein båt frå Romsdal. Etter hentinga vart båten sett rett inn i utstillinga.
Bakgrunn og eigarforhold.
Trerøringen høyrde heime i Fagervikane, gnr. 12/1, 3-4 km nord for Kyrkje-Sylte i Tresfjorden.
I Kristen Fagerviks dagbok fredag 15. juni 1888 står det: «Edvard Ødegård begyndte F(redag) Bygging av Jakobs Trerøring.» Fjorden dagar seinare skriv han: «Hog vi sønder Fars Fir(r)øring».
Den 16. januar 1889 skriv han vidare: «O(nsdag) riggedes Jakobs Baad.» Då var han ferdig!
Jakob Ottesen Fagervik var f. 11. juni 1858, og han var bror til dagbokskrivaren, sjå Romsdal sogelag, årsskrift 1989, s. 158 -. I folketeljinga for 1891 bur han saman med ei eldre søster på garden, og i folketeljinga for 1900 er han framleis i Fagervikane. Han er einsleg jordbrukar og driv «Fiskeri». Av familien blir det opplyst at han dreiv vinterfiske ved Bjørnsund med denne båten.
Kyrkjeboka for Sylte sokn viser at Jakob døydde av «Urinsyreforgiftning» 27. september 1909. Sagt med andre ord: Prostatabesvær. Kven som arva båten er ikkje sagt nokon stad, men truleg var det bror hans, gardbrukar Kristen O. Fagervik f. 15.09.1855, d. 01.11.1942. Sonen Otto f. 04.05.1887 tok over garden i 1930-åra, og då følgde båten truleg med. Otto døydde i juni 1958.
Otto hadde ein bror som heitte Magne Ottosen Fagervik (f. 17.12.1897, d. 24.05.1971). Han var skreddar og arva båten etter bror sin. Dotter til Magne, Anne Magnesdtr. Fagervik f. 1935 gifta seg med Reidar Nerheim i Massgarden på Kyrkje-Sylte i 1959. Båten stod i naustet i Fagervikane og var lite brukt. I 1960-åra stod båten i fare for å ta skade, og han vart då flytta til Massgardsnaustet inni Tresfjorden.
Den som gav båten til Romsdalsmuseet var son til Anne, Karl Benny Nerheim f. 1963 med adresse Midthallet 16, 4018 Stavanger
Bruk: fjordfiske, òg til torskefiske ved Bjørnsund av den første eigaren
Bygd av: Edvard Ødegård skriv Kristen Fagervik. Dette er han dei kalla «Båt-Edvard» (1863-1940) på Vestnes. Han var son til båtbyggar Johan Stenødegård frå Steinøygarden, og han igjen hadde båtbyggartradisjonar attende til Lars Hammeraas. Sjå meir om dette i Per Bjørn Ellingseter: «Aasvervet» 100 år. Vestnes 2011
Samanliknar ein Fagervikbåten med trerøringane frå Årset (R.13281 og R.17043) og Holm (R.17042) frå Veøy kommune, har denne ei meir moderne utforming, og bordgangane har ei profilering som liknar «perlestaff».
Datering: 1888. Det er uvanleg med ei så presis datering som dette.
Informant(er): Karl Benny Nerheim, Ann Rigmor Nerheim og Per Bjørn Ellingseter
18.03.2023
Bjørn Austigard
Aksesjon: 2015
Bruk
Til fjordfiske, òg til torskefiske ved Bjørnsund av den første eigaren- BruksstedMøre og Romsdal Fræna Bjørnsundsikker
- BruksstedMøre og Romsdal Vestnes Tresfjordensikker
Produksjon: 1888 - 1889
- ProdusentØdegård, Edvardsikker
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierR.17171
- Part of collectionRomsdalmuseet
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionRomsdalsmuseet
- Date publishedApril 4, 2023
- Date updatedApril 4, 2023
- DIMU-CODE0210213352789
- UUIDca8b2090-76d8-4e4a-85b8-39f00caec920
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».